Søker etter ti tilsette til ny avdeling

Søker etter ti tilsette til ny avdeling

Helse- og omsorgsetaten i Ulstein har ledig ti stillingar for eit nytt, statleg finansiert tenesteområde innan rus og habilitering.

Einingsleiar Gunn Hofset og avdelingsleiar for den nye avdelinga, Marlen Breivik Kristensen. Janne-Marit Myklebust
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

– Vi er ute etter fleksible personar som er klar for nye utfordringar. Dette er heilt nytt for Ulstein kommune, og ein god sjanse til å opparbeide seg kompetanse både for kommunen og for dei tilsette, seier einingsleiar Gunn Hofset.

Lenke: Sjå stillingsutlysinga

Avdelinga vert opna 1. februar 2023 og skal gi heildøgnsteneste til éin bebuar med forsterka bemanning. Avdelinga er statleg finansiert. Målsettinga med butilbodet er å gi bebuar trygge rammer og dermed moglegheit til å meistre kvardagen betre. 

Dei tilsette har val mellom komprimert turnus/langvakter på 14 timar og medleverturnus med arbeid sju døgn per fire veker.

Marlen Breivik Kristensen skal vere avdelingsleiar for den nye avdelinga. 

– Vi er ute etter vernepleiarar, sjukepleiarar og miljøterapeutar, fortel ho.

– Personalet skal hjelpe til med kontakt med anna hjelpeapparat, arbeid og aktivitetstilbod, bu-trening og andre oppgåver. Avdelinga har fokus på meistring, vekst og utvikling.

Søknadsfrist er 23. oktober.