Smittevernråd for januar 2021 – aukande smitte gir høgare risiko

Smittevernråd for januar 2021 – aukande smitte gir høgare risiko

Talet på registrerte tilfelle av Covid-19 i Norge har auka jamt dei siste tre vekene. Risikoen for ytterlegare spreiing er stor og kommuneoverlege i Ulstein Norunn Kirkebø Elde oppmodar folk om å halde avstand og teste seg om ein har vore på reisefot, har svake luftvegssymptom eller ei mistanke om smitte.

I Ulstein har vi hatt lågt smittetal i samanlikning med resten av landet. Både innbyggjarar og næringsliv har tatt smittevern på alvor. Det bidreg til den situasjonen vi har hatt lokalt til no.

Kommuneoverlege i Ulstein Norunn Kirkebø Elde seier at sjølv om vi har vore gode til no, må vi halde fram å vere gode; Hald avstand, test deg og vask hender.

Test deg ved mistanke om smitte, etter reise eller ved svake symptom

At alle har låg terskel for å teste seg er viktig for å ha oversikt over smittesituasjonen og det viktigaste grunnlaget for raske tiltak for å stoppe spreiinga av Covid-19. Det er gratis å teste seg!

Du bør ta ein test om du:

  • mistenkjer at du kan vere smitta,
  • kjem heim frå stadar med høgare smitte (Noreg eller utland),
  • har symptom på ein luftvegsinfeksjon (også svake symptom!).

Teststasjonen ved Ulstein legesenter er ope alle kvardagar. Du kan bestille time for testing her eller ved å ringe 70 01 89 89 mellom kl. 8–14 på kvardagar.

Råd til deg som har vore på reise

Innanlands:

Når du kjem heim etter reise i Noreg, så hugs at mange stadar i Noreg har like høge smittetal som andre land.

  • Har du vore på reise i område med høg smitte, ønsker vi at du tek ein test før du omgås andre folk – også om du ikkje har symptom!
  • Hald avstand, helst to meter. Ha færrast mogleg kontaktar med andre.
  • Dei eldre i familien kan du vente med å besøke til det er gått ti dagar.
  • Ved sjølv svake symptom, hald deg borte frå arbeid eller skule, og ta ein test. Gå ikkje på arbeid/skule att før du har svar på testen!

Utanlands

  • Frå 02.01.21 skal alle som har vore på reise i utlandet teste seg innan 24 timar ved innreise. Testinga vert utført på grensestasjonane, flyplassane osv.
  • Du skal vere i innreisekarantene.

 

Her finn du informasjon på mange språk:

https://www.helsedirektoratet.no/brosjyrer/informasjon-til-de-som-ankommer-norge-covid-19