Smittevernpåminning til næringslivet

Smittevernpåminning til næringslivet

Pexels Kommuneoverlegane kjem med tydeleg beskjed: Alle som kjem frå raude land skal i karantene og bruke munnbind på offentleg transport.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

 

Fleire verksemder i regionen har tilsette som reiser til og frå andre europeiske land. Dei fleste europeiske land er no «raude», det vil sei at reisande frå desse landa skal ha reisekarantene etter innreise til Norge. Covid-19-forskrifta regulerer dette. I  paragraf 5, 2. ledd er og reisande til Norge som skal i innreisekarantene, pålagde å bruke munnbind også ved bruk av offentlege transport heilt fram til eigen bustad.

Smittevernforskrifta paragraf 5, 2. ledd:
De som kommer til Norge og er i innreisekarantene, kan likevel bruke offentlig transport fra flyplassen, havnen eller lignende ankomststed til karantenestedet. Personer som forlater Norge i karantenetiden kan benytte offentlig transport under utreisen. De som er over 12 år, skal bruke munnbind.

Som kommuneoverlegar med ansvar for kommunane sitt smittevern, får vi fleire meldingar om at reisande som er i reisekarantene ikkje nyttar munnbind når dei tar offentleg transport frå Vigra flyplass til bustad.

Vi vil be om at arbeidsgivarane skjerpar regelverket og praktiseringa av dette overfor alle sine tilsette som er i reisekarantene.

Smitte ved innreise frå utlandet er ei av fleire viktige årsaker til utbrot av covid-19 i industrikommunar. Vi ber om samarbeid slik at denne risikoen kan reduserast mest mogleg.


7. oktober 2020

Bjørn Martin Aasen, smittevernoverlege i Herøy
Norunn Kirkebø Elde, kommuneoverlege i Ulstein
Asta Sileikiene, kommuneoverlege i Sande
Karsten Vingen, kommuneoverlege i Hareid