Smitteutbrotet i Ulstein på retur

Smitteutbrotet i Ulstein på retur

Kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde Svein Arne Orvik 10. desember: Det er framleis noko koronasmitte i Ulstein, men utbrotet ser ut til å vere på retur.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Ulstein kommune har sidan måndag fått stadfesta 12 positive PCR-testar.

  • Fem er kjende nærkontaktar til tidlegare positive. Alle desse har vore i karantene/testregime, og det er ingen nye nærkontaktar hos desse.
  • Eit personale i barnehage har testa positivt. Vedkomande hadde negativ hurtigtest siste dagen på jobb før det oppstod symptom/sjukdom. Nærkontaktar i barnehagen har testa seg med hurtigtest, og vi har ikkje fått fleire positive.
  • Ein person busett i Ulstein har testa positivt, knytt til utbrotet i Herøy omsorgssenter. Vedkomande er personale der.
  • To gjestearbeidarar har testa positivt. Dei har begge jobba på Myklebust verft i Sande og bur på brakkerigg.
  • Ein person som testa seg med hurtigtest på grunn av symptom har fått stadfesta positiv prøve på PCR. Vedkomande har jobba aleine, og smittevegen er ukjend.

 

Sjå oversikt over nye nasjonale smitteverntiltak.

 

Haddal skule

Dei to elevane som var positive på hurtigtest  i helga er stadfesta positive. Alle på Haddal skule vart testa med hurtigtest på onsdag og fredag morgon før skule. Ingen nye har testa positivt, og det ser difor ut til at utbrotet ved skulen er over. Skulen har fått tilbod om kohorttesting av alle elevane måndag 13.12 og har takka ja til dette. Lærarar har også fått tilbod om testing. Vi treng samtykke frå foreldra i samband med testing på skulen og det er sendt ut melding om dette.

Ulstein ungdomsskule

Ei 8. klasse ved UUS vart hurtigtesta tysdag. Dei vart også kohorttesta torsdag saman med mange lærarar. Alt er svart ut som negativt.

Lite smittetrykk i skular og barnehagar

- Med utgangspunkt i dette ser det ut til at det no er lite smittetrykk i skular og barnehagar hos oss, seier kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde.

- Men slik situasjonen er i Noreg, kan vi forvente at det stadig vil dukke opp enkelte smitta. Så hald fram med å teste dykk og ver heime ved nyoppståtte symptom. Personar med symptom kan hente test i garasjen ved legesenteret kl. 11 på kvardagar.

Andre med avtale om testing (nærkontakter) hentar på helsestasjonen kl 14-16.

Ingen med symptom på korona må gå inn på venteromma på legesenteret eller helsestasjonen utan avtale.