Slik stiller kommunen seg til anken i Øvrelid-saka

Slik stiller kommunen seg til anken i Øvrelid-saka

Dette seier Ulstein kommunestyre om anken frå Øvrelid-søskena. 

Norges lover i bokformat på bordet, med treklubbe liggande over. - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust

Ulstein kommune valde å ikkje anke Øvrelid-saka då dommen fall i lagmannsretten 9. mars 2023. Dette sjølv om vi meinte at delar av dommen var feil, med håp om å kunne sette sluttstrek i ei tung og vanskeleg sak. Same avgjerd tok Hareid kommune.

Kommunane har betalt ut erstatning, slik vi var dømde til, til dei to yngste søskena.

Sidan alle Øvrelid-søskena valde å anke saka vidare til Høgsterett, ser ikkje kommunane at vi har anna val enn å levere inn ein såkalla avleia anke.

Dette gjer vi etter råd frå advokatane våre, slik at vi kan førebu oss på den prosessen som kjem dersom Høgsterett sitt ankeutval slepp saka inn i Høgsterett.

Kommunestyret i Ulstein har samrøystes gått inn for å levere inn ein avleia anke