Slik kan du førebu deg på ei eventuell krise

Slik kan du førebu deg på ei eventuell krise

Vi er inne i årets eigenberedskapsveke, og temaet er øving. Vi oppmodar alle innbyggarar til å øve og ta naudsynte grep for å styrke eigenberedskapen. 

Døme på beredskapslager. - Klikk for stort bilete sikkerhverdag.no

Den landsomfattande Eigenberedskapsveka 2023 vert gjennomført frå måndag 30. oktober til søndag 5. november. På sikkerhverdag.no ligg fire enkle øvingar som alle kan gjennomføre på mobilen. I tillegg vert det her gitt mange gode tips til korleis vi kan få dekt grunnleggande behov i ein eventuell krisesituasjon.

Du kan lese meir om eigenberedskap på https://www.sikkerhverdag.no/

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Ved store hendingar og kriser som rammar mange, kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Då må styresmaktene prioritere hjelp til dei som treng det mest.

Det vil seie at mange innbyggarar må vere førebudde på å måtte klare seg sjølve i nokre dagar ved straumbrot, viss dei mister tilgangen på reint drikkevatn, telefonnettet/internett er nede – eller det vert vanskeleg å kome seg ut for å handle.

Døme på beredskapslager: 

  • 9 liter vatn per person (Les også: Slik lagrar du vatn
  • to pakkar knekkebrød per person 
  • ein pakke havregryn per person 
  • tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person 
  • tre boksar med pålegg med lang haldbarheit per person 
  • nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade 
  • medisinar du er avhengig av 
  • ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming 
  • grill- eller kokeapparat som går på gass 
  • stearinlys, lommelykt med batteri eller parafinlampe 
  • fyrstikker eller lighter
  • varme klede, pledd og sovepose 
  • førstehjelpspakke 
  • batteridriven DAB-radio 
  • batteri, ladbar batteritank og mobilladar til bilen 
  • våtserviettar og desinfeksjonsmiddel 
  • tørke-/toalettpapir 
  • sanitetsprodukt 
  • litt kontantar 
  • ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/rødsprit til oppvarming og matlaging 
  • jodtablettar ved atomhendingar dersom du er under 40 år, gravid, ammar eller har barn som bur heime (Les meir på dsa.no)

Heile Noreg øver

Øving gjer meister. Det gjeld også for krisehandtering.

Branningeniør ved førebyggande avdeling i Hareid og Ulstein brannvesen, Live Gandborg, oppmodar alle om å sjekke eigenberedskapen sin. 

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) rår alle husstandar i landet om å styrke eigenberedskapen sin. Eigenberedskapsveka vert arrangert av DSB i samarbeid med kommunar, statsforvaltarar og sivilforsvarsdistrikt over heile landet.