– Skal du verte like god som Karsten? – Nei, mykje bedre!

– Skal du verte like god som Karsten? – Nei, mykje bedre!

Sophia Koch og Stinus Urke Kleven viste hekkeløpkunstar i løypa som Dimna IL sette opp. Janne-Marit Myklebust Ingen tvil om at Karsten-feberen herjar i Ulstein. Dimna IL inviterte til uhøgtidleg hekkeløp på Kulturalmenningen tysdag, i pur glede over Karsten Warholm sin enorme prestasjon i OL i Japan.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

– Det er nesten ikkje til å fatte. Eg trur ingen av oss forstår kor stort dette faktisk er.

Orda kjem frå Karsten Warholm sin gamle trenar i Dimna IL, Arve Hatløy, etter at den tidlegare læreguten sprang inn til ny verdsrekord og gullmedalje i OL i Tokyo på 400m hekk.

Ein strålande glad Arve Hatløy. Janne-Marit Myklebust – Det er ein heilt vill prestasjon!

OL-gull og verdsrekord på 400m hekk var nok ikkje i tankane på den tida Hatløy var trenar for Warholm.

– Då han tok gull i 8-kamp under U18-VM i friidrett i 2013, tenkte vi kanskje at det ville vere eit høgdepunkt i karrieren. Men så har han berre følgt opp, med stadig nye høgdepunkt. Så kva vert det neste?

Hatøy seier at Warholm er svært allsidig, og han ser ikkje vekk frå at gullvinnaren frå Garsholhaugen kan hevde seg i andre greiner også.

 – Men no skal vi nyte dagen i dag. Vi må få lov til å vere litt stolte i Dimna IL også, og vi gler oss på Karsten sine vegner!

Uhøgtidleg hekkeløp for dei minste, i regi av Dimna IL. Janne-Marit Myklebust Og det kan sjå ut til at Dimna IL får mange nye hekkeløparar på laget i tida framover, om vi ser på det unge engasjementet under det spontane hekkeløpet.

Sophia Koch hadde med seg ein ivrig tidtakar på sidelinja, og måtte fleire runder før ho kunne seie seg nøgd.

Og ambisjonane er klare, for Sophia er stor fan av Warholm.

– Skal du verte like god som han?

– Nei, mykje bedre!

Karsten Warholm sin manager og mor, Kristine Haddal, tok også turen, og fekk overrekt blomster frå Dimna IL. Ho kunne fortelle at ho hadde snakka med gullvinnaren og fortalt om alt engasjementet på heimstaden.

– Han sender ein stor takk og helsing heim, sa Haddal, til stor jubel frå heimefansen.

Stor entusiasme for hekkeløp i Ulstein. Janne-Marit Myklebust