Røykvarslardagen 1. desember

Røykvarslardagen 1. desember

Levande lys, peiskos, matlaging og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i juletida. Gjer det difor til ein hugseregel å teste røykvarslarane og byte batteri på Røykvarslardagen 1. desember.

– Alle bustadar og hytter skal ha røykvarslarar og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er stengd, seier brannsjef Olav Helt Brubakk

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, Det lokale eltilsyn, Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

 

Test røykvarslaren

Test røykvarslaren ved å halde ”test-knappen” inne nokre sekund. Røykvarslaren skal då byrje å pipe. Om han ikkje gjer det, må du byte batteri og gjenta testen, eventuelt kjøpe ny varslar. Om røykvarslaren gjev frå seg korte pip, vil det seie at batteriet byrjar å bli dårleg. Då må du byte batteriet med ein gong.

Bruk gjerne Røykvarslardagen til å hjelpe nokon som ikkje greier å teste eller byte batteri sjølv. Ein ny røykvarslar kan også vere ei fin førjulsgåve.

– Vi tilrår seriekopla røykvarslarar, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere, til dømes om ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv, seier Brubakk.

 

Bør testast jamleg

Ein bør normalt byte røykvarslarar etter åtte til ti år. I rom med mykje støv og skit kan detektoren bli ustabil og gje falske alarmar, fordi sensoren blir skiten eller støvete. I slike miljø vil levetida til røykvarslaren vere kortare. Røykvarslarar er EE-avfall som ein ikkje skal kaste i søpla. Gamle røykvarslarar kan leverast gratis til forhandlarar og til din lokale attvinningsstasjon.

– Røykvarslarar bør ein teste jamleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid, seier Brubakk.

røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Kontakt

Olav Helt Brubakk
brannsjef Hareid og Ulstein brannvesen
E-post
Mobil 99 01 70 68