Rådhuset opnar frå 11. mai med nytt system for besøk

Rådhuset opnar frå 11. mai med nytt system for besøk

Ulstein rådhus ligg i Sjøgata 63 i Ulsteinvik. Svein Arne Orvik Vi har laga til eit venterom du kan bruke når du kjem til ein avtale på rådhuset. Om du ikkje kan møte fram fysisk, tilbyr vi eit digitalt møte. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

  

Opningstid

Rådhuset er ope frå kl. 9 til 15 alle kvardagar. 

Slik gjer du ein avtale

For å yte god sørvis, oppmodar vi alle til å gjere avtale på førehand med den du skal møte. Gjer avtalen på e-post via postmottak@ulstein.kommune.no eller via sentralbordet på tlf. 70 01 75 00. 

Venterom 

Når du kjem til rådhuset, vil du finne eit nytt venterom i inngangspartiet. Der finn du både ei kasse til å levere post i og ei ringeklokke til å melde ifrå om at du har kome. 

Møterom for besøk

Vi har etablert eit publikumsmøterom som legg betre til rette for møte mellom saksbehandlaren og deg enn før.

Digitale møte

Vi kan gjennomføre digitale møte om du ikkje har høve til å møte oss fysisk. Det kan du avtale med saksbehandlaren.

Smittevern

Elles gjeld dei vanlege hygienereglane. Dersom du er sjuk, skal du ikkje kome innom. Hugs å ha god handhygiene og hald god avstand til andre personar.

Velkomen

Vi gler oss til å sjå deg att! Velkommen til oss.