Personverndagen 2024 

Personverndagen 2024 

Har du spørsmål om dine personvernrettar? Møt personvernombodstenesta vår på stand, fredag utanfor Amfi.

Lurer du på om kommunen behandlar personopplysningar om deg på ein rettskaffen måte?   

Eller lurer du på korleis du skal gå fram dersom du opplever at kommunen behandlar dine personopplysningar på skadeleg eller urettferdig vis?  

Dei tre oppstilt saman med eit banner frå personvernombodstenesta. - Klikk for stort biletePersonvernombodstenesta representert av dagleg leiar i IKAMR Jesper Sode Hansen, Henrik Leknes Syversen (rådgjevar personvern) og Yueyuan Luo (rådgjevar personvern). Piotr Cabaj

 Stand på Amfi

Som bidrag til den internasjonale markeringa av personverndagen 2024, ønsker den interkommunale personvernombodstenesta ved Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal å vere tilgjengeleg for innbyggarar og tilsette.  

Møt personvernrådgjevarane på stand, så kan du få svar på generelle spørsmål om kommunen si behandling av dine personopplysningar.   

  

Tid: fredag 2. februar  klokka 10.00–14.00

Stad: Amfi Ulsteinvik