Paul-Arne tek over etter Aage

Paul-Arne tek over etter Aage

Ulstein Eigedomsselskap har fått ny dagleg leiar.

privat
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Paul-Arne Ulstein (57) er tilsett som ny dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap KF, etter Aage Christensen.

Paul-Arne er utdanna elektroteknikar/elektroingeniør og kjem frå jobben som konstituert einingsleiar på eigedom FDV (forvaltning/drift/vedlikehald) i Hareid kommune.  Her har han jobba sidan 2018, først som prosjektleiar, og det siste året som konstituert einingsleiar.

Han har god erfaring på fleire store og små prosjekt, som til dømes fotballhall og nytt helsehus i Hareid.

– Eg er klar for nye utfordringar, og gler meg til å ta fatt på jobben, seier Paul-Arne Ulstein.

Han skildrar seg sjølv som ein omgjengeleg kar som trivst godt saman med andre, både på jobb og fritid.

– Eg har brei erfaring frå næringslivet og frå det offentlege dei siste åra. No ser eg fram til nye oppgåver, og å få jobbe saman med dyktige medarbeidarar, administrasjonen og politikarane i Ulstein kommune.

Paul-Arne Ulstein startar i jobben 1. januar 2023.