På leit etter nye lokale

På leit etter nye lokale

Renovere rådhuset eller flytte til nye lokale? Det skal administrasjonen i Ulstein kommune no finne ut av.

Ordførar Knut Erik Engh, kommunalsjef organisasjon og utvikling, Monica Cecilie Torp, hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet, Hedvig Haakonsholm og hovudtillitsvalt i Fagforbundet, HIlde Ringen Hofseth. Janne-Marit Myklebust

Ulstein kommune har planar om å inngå avtale om nye administrasjonslokale i Ulsteinvik sentrum, og inviterer difor til ein marknadsdialog med relevante leverandørar.  

Les heile invitasjonen her: Invitasjon til marknadsdialog (PDF, 888 kB)

Formålet med marknadsdialogen er å presentere behova til kommunen, utforske moglegheiter, og få innspel frå marknaden for å kunne stille gode krav og relevante tildelingskriteria.  

Kommunen gjennomfører en digital dialogkonferanse for aktuelle leverandørar 24. oktober klokka 11.00–12.00 på Microsoft Teams. 

Agenda: 

  • Kort om Ulstein kommune
  • Presentasjon av bakgrunn og behov
  • Framdriftsplan
  • Spørsmål/svar/innspel

Ein-til-ein møte  

Etter dialogkonferansen vil det same dag verte gjennomført ein-til-ein-møte med relevante leverandørar. Kvart møte vil vare opptil 40 minutt. Dei påmeldte leverandørane vil få høve til å presentere sine overordna løysingar og skisser, og kome med spørsmål. 

Vi oppmodar interesserte leverandørar om å delta på ein-til-ein-møte. Møtetidspunkt vert fordelt etter “førstemann til mølla-prinsippet”. 

Påmelding

Påmelding til dialogkonferansen og ein-til-ein møte kan du sende til charlotte.gulbrandsen@inventura.no innan 21.10.22.  

Oppgi namn på deltakarar og e-postadresse og om de melder dykk på dialogkonferanse og/eller ein-til-ein-møte. 

Dei påmeldte vil få tilsendt lenke til møtet/møta i forkant og seinast dagen før.

Dyr renovering

Ulstein kommune har 8 745 innbyggarar og rundt 640 tilsette. Dei tilsette er i dag spreidd på fleire lokasjonar. Rådhuset treng omfattande renovering i løpet av kort tid. Kommunen ønsker difor  å sjå etter andre alternativ. På rådhuset jobbar det i dag 40 tilsette innanfor alle etatar. I tillegg til desse ønsker kommunen å samlokalisere med andre tilsette som i dag sit på andre lokasjonar, som til dømes Ulstein Eigedomsselskap KF og Ulstein Fjernvarme.  

 

 

 

 

Kontakt

Monica Cecilie Torp
kommunalsjef
E-post
Mobil 90 74 32 07