Oppfriskingsdose til alle frå 75 år

Oppfriskingsdose til alle frå 75 år

Alle som er 75 år eller eldre, eller bur på sjukeheim, vil no få tilbod om ein fjerde vaksinedose mot korona.Klargjering av vaksiner ved helsestasjonen i Ulstein. Janne-Marit Myklebust  

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Dette melder Folkehelseinstituttet (FHI) i sitt informasjonsbrev

Ulstein kommune vil starte med å tilby vaksine til dei som bur på sjukeheimen. Desse, i tillegg til dei som er tilknytt heimetenesta, vil få tilbod om time gjennom tenestene, og treng ikkje bestille time sjølv. Vidare vil alle frå 75 år og eldre få tilsendt SMS frå C19 der dei kan følge ei lenke og takke ja eller nei til time.

 

Første ledige vaksinasjonsdato er 10. august, og det vil verte vurdert om det det også vert tilbod om vaksinering på fleire datoar i august.

Ved spørsmål eller behov for hjelp til bestilling av time, ta kontakt ved å sende SMS eller ringe 477 54 774.

Råd om å ta vaksine sjølv om du har hatt korona

FHI skriv at gjennomgått omikroninfeksjon stimulerer immunforsvaret mindre enn tidlegare variantar. Rådet om å ta ein fjerde vaksinedose/oppfriskingsdose gjeld derfor uavhengig av om du nyleg har vore sjuk med korona. Du bør uansett vente minst tre veker frå friskmelding til du tar vaksinen.

Det må i tillegg ha gått minst fire månadar sidan du fekk tredje vaksinedose før du tar ny oppfriskingsdose.

For risikogrupper elles ser det per i dag ut til å verte tilbod om ny vaksine frå 1. september, med atterhald om at situasjonen endrar seg.