Ønskjer å koronateste elevane

Ønskjer å koronateste elevane

korona, koronavirus, koronatesting, corona - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Med omsyn til smittesituasjonen i Noreg blant barn og unge, ønskjer smittesporingsteamet i Ulstein å vere føre var - om mogleg, og starte kohorttesting av dei eldste elevane på skulane.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

- Det er eit klart uttrykt mål frå sentrale styresmakter at barn og unge skal få vere på skule og i barnehage mest mogleg, og ikkje måtte sitte i unødige karantener for å spare samfunnet elles. Hovudregelen framover vert difor testing i staden for karantene, viss det skulle oppstå smitte i ei klasse, seier kommuneoverlege i Ulstein, Norunn Kirkebø Elde.

I første omgang er det snakk om å starte med kohorttesting på alle skulane. 

- Vi har erfaring med dette frå i vår då vi testa avgangsklassene på Ulstein vidaregåande skule på denne måten.

I praksis vil det går føre seg ved at elevane tek prøve på seg sjølve og puttar alle pinnane i ein felles beholdar. Helsesjukepleiar vil vere til stades i klassa og instruere og hjelpe til med den praktiske prosedyren. Samleprøva vert sendt til laboratoriet via Ulstein legesenter, og svaret kjem neste dag. Vi får då eit felles svar for heile klassa. Dersom svaret er positivt vil det vere sannsynleg at ein eller fleire i klassa har korona. Vi må då så raskt som mogleg teste elevane enkeltvis for å avklare kven som ev. er smitta.

I første omgang vil kommunen starte med testing på det øvste trinnet på skulane, altså alle 10. klassene på  ungdomsskulen og alle 7. klassene på barneskulane. Tanken er å teste ein dag per veke i 2-3 veker, for deretter å ta ei ny vurdering, og også sjå på om det kan vere aktuelt å teste andre klassetrinn..

Testinga vil starte i veke 36 eller veke 37.

NB: På Haddal og Ulstein skule vert testinga gjort både på 6. og 7. trinn sidan dei går mykje i lag i klassene sine.

Kriseleiinga i Ulstein og skuleleiinga har samtykka til dette. 

- Vi håper at dette vil gjere det tryggare for både lærarar og elevar å møte på skulen.

NB: Sidan elevane her er under 16 år, treng vi samtykke frå foreldra . Det er sendt ut førspurnad om digitalt samtykke i Tieto-appen til alle føresette på 7. og 10. trinn