Og dei nominerte til UKMs fylkesfestival er ...

Og dei nominerte til UKMs fylkesfestival er ...

Birte Skeide Sætre (14) er nominert som nr. 1 innanfor dans. Victoria Myklebust  Det kulturelle mangfaldet er stort, og juryane har no nominert kven som skal representere UKM Hareid og Ulstein i fylkesfestivalen.

Fagpanelet for scene og kunst hadde ei utfordrande oppgåve med å velje ut kven som skal nominerast frå Hareid og Ulstein til fylkesfestivalen i Kristiansund 30. april til 3. mai.

Nytt i år er at sjølv om ungdommane er nominert frå si kommune, er det ikkje sikkert at ein får reise på fylkesfestivalen. Dette er det fylkesarrangør som avgjer i løpet av ein månads tid. Meir informasjon til ungdommane som er nominert vert sendt direkte frå oss. 
- Vi set stor pris på innsatsen til dei som sat i fagpanela for scene og kunst, seier arrangørane frå Hareid og Ulstein. 

Fagpanela har kriterier som må følgast. UKM er ingen konkurranse, men ein arena for å vise det kulturelle mangfaldet i kommunane. Medan aldersgrense for lokalmønstring er frå 10-20 år, er det berre dei som blir 13 i år og opp til 20 år som blir vurdert for fylkesfestival.

Følgande har fagpanel for scene nominert frå kommunane: 

MUSIKK
HAREID

  1. 5 Seconds to Brandal – «Canon Rock»
    Adrian Røren (20), slagverk, Arturs Opuls (17), bassgitar, Johannes Bjåstad (18), bassgitar, Robin Liavåg (18), rytmegitar 
  2. Thyri og Johannes – «Brother – Acoustic»
    Thyri Øvrelid (16), vokal og Johannes Bjåstad (18), gitar
  3. Oline Bigset – «DNA»
    Oline Bigset (16), vokal og piano

ULSTEIN

  1. Pink Guitar – «My love I’ll search the world»
    Ingrid Gjerde (15), gitar og vokal, Isabella Campos (15), vokal, Marthe Sandvik Skeide (15), vokal
  2. Ingebjørg Kristin Lohne – «Not My Soul»
    Ingebjørg Kristin Lohne (13), vokal
  3. Magic Musicians – «Take On Me»
    Acsharan Senthilkumar (17), klarinett, Boris Leenders (14), saksofon, Jonas Edvardsen Sundgot (13), saksofon, Magne Oliver Vågen Langeland (13), saksofon, Martinus Antonsen (13), saksofon og Sverre Ose Kristensen (19), saksofon 


DANS
HAREID

  1. Seconds  - «Time»
    Celine Leine Finvik (17), Ellionor Edvardsen (15), Hanne Jensen (17), Helene Sjåstad Kleppe (17), Hennie Constanse Veiseth (17), Ingrid Bårslett (17), Kristiane Worren (17) og Malin Edvardsen (17). 

ULSTEIN

  1. Birte Skeide Sætre – «Bruises»
    Birte Skeide Sætre (14)
  2. Majestetene – «Snart blir jeg majestet»
    Clara Håndlykken (13), Mari Hauge Skår (13), Mathilde Eiken (13) og Siri Eliassen Aske (13)
  3. Ina og Viktoria – «TikTok»
    Ina Schakenda (15) og Viktoria Haddal (15)

 
KUNST
ULSTEIN

  1. Kristine S. Borgundvåg (16) – «Random ting»
  2. Astrid og Niels – ARIT-V1 (Automatisk Reagenerande Illustrasjonstegnar, robot)
    Astrid Høie Silden (16) og Niels Leenders (16)
  3. Synnøve Rabben – Sminke – «Kreative sminkelookar»
    Synnøve Rabben (19), sminkør

HAREID

  1. Raaven - Blyant teikning
    Elise Bergseth (16)
  2. Stinee – Brettspel
    Stine Longva Veddegjerde (17)
  3. Kristiane Worren – «Draumeplassen»
    Kristiane Worren (17), målar 


KONFERANSIERAR
ULSTEIN

  1. Synnøve Rabben (19)
  2. Joshua Riyawong (16)
  3. Elise Bergseth (16)

HAREID

  1. Stine Longva Veddegjerde (17)

 
Lokal UKM-arrangør har nominert ein frå «Media» og ein frå «Ung arrangør» til fylkesfestival:

MEDIA
ULSTEIN

  1. Victoria Myklebust (18)

HAREID

  1. John Arne Apelseth (19)


UNG ARRANGØR
ULSTEIN

  1. Anna Natalie Ballo Hov (19)

HAREID

  1. Denisa Andreea Constantinescu (16)