Nye besøksrutinar på Alvehaugen og i Holsekerdalen 20

Nye besøksrutinar på Alvehaugen og i Holsekerdalen 20

Holsekerdalen 20 - Klikk for stort bileteFor å vareta bebuarane mot koronasmitte, vert det innført nye besøksrutinar på Alvehaugen og i Holsekerdalen 20. 

Helse og omsorg melder om nye besøksrutinar for Alvehaugen og Holsekerdalen 20.

For Alvehaugen gjeld desse rutinane: Alle må nytte munnbind og sprite seg på hendene når dei kjem. Det er berre lov med besøk på rommet eller i leilegheita. Det er ikkje høve til å opphalde seg i fellesarealet, men besøkande går inn hovudinngangen og direkte til rommet. Du må vere frisk, og halde 1 meter avstand til den du besøker.

Elles rår helse og omsorg til at besøkande har på seg munnbind under besøket, men det er høve til å ta det av om du held 1-2 meter avstand frå den du besøker. Kjem du frå eit områdemed stort smittetrykk er det ønske om at du tek ein hurtigtest før du kjem på besøk. Registrer deg gjerne i besøksloggen.

For Holsekerdalen 20 gjeld desse rutinane: 

- Vi ønsker dykk velkomne på besøk, men for å følge smittevernråda og vareta dei som bur her så låser vi ytterdørene frå torsdag 16. desember, er meldinga frå helse og omsorg.

- Vi ber om at besøkande er friske når dei kjem på besøk, og oppmodar tilreisande frå område med mykje smitte om å ta ein hurtigtest før dei kjem. Ev. kan de teste dykk her.

- Vi ønsker at alle har på seg munnbind, held god avstand, har god handhygiene og at besøk skjer i den enkelte si leilegheit. Vi vil gjerne registrere namn på besøkande for ei eventuell smittesporing.

- Vi prøver så langt som råd og gjennomføre underhaldning og program som er planlagt på ein smittevennleg måte, då med få personar utanfrå og som held god avstand.

- Ta kontakt med personalet om de lurer på noko. Med desse tiltaka håper vi at alle i Holsekerdalen får ei fin jule- og nyttårsfeiring!

 

 

 

Kontakt

Gunn Hofset
einingsleiar 2 Holsekerdalen omsorgsbustader
E-post
Mobil 98 23 06 12
Gunn Helen Hauge Muren
einingsleiar 4 Alvehaugen bu og rehabilitering – langtid
E-post
Mobil 98 23 06 15