Mykje nøgd ungdom i Ulstein

Mykje nøgd ungdom i Ulstein

Ulsteinvik barneskule. Janne-Marit Myklebust 94 prosent av 7. klassingane i Ulstein seier at dei trivst på skulen.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Det viser nye tal frå Folkehelseinstituttet, som kvart år lagar folkehelseprofilar for norske kommunar. 

Resultatet sender Ulstein opp blant topp ti av kommunane i Noreg. Til samanlikning viser resultatet for Møre og Romsdal at 88 prosent av 7. klassingane seier at dei trivst på skulen, og 89 prosent på landsbasis.

- Mange fortener ros

- Det er veldig kjekt å sjå at vi held fram med å skåre veldig godt på folkehelseprofilen. Det viser at vårt langsiktige arbeid med positiv påverknad og tilrettelegging av fritidsaktivitetar for born og unge gir resultat. Det er mange som fortener ros for den jobben dei gjer og som medverkar til slike resultat, seier ordførar Knut Erik Engh.

Og det er særleg livskvaliteten til ungdomen i kommunen som sørger for eit godt resultat for Ulstein når det kjem til folkehelse. 

Ulstein skårar blant topp ti av landets kommunar på fleire område: 

  • 83 prosent av unge i Ulstein seier dei er nøgde med lokalmiljøet, mot 68 prosent på fylkesbasis og 68 prosent på landsbasis.
  • 77 prosent av dei unge seier at dei er med i ein fritidsorganisasjon, mot 67 prosent i fylket og 65 prosent på landsbasis.
  • 77 prosent svarar at dei er nøgde med helsa, mot 68 prosent i fylket og 70 prosent på landsbasis.
  • "Berre" 16 prosent av 17-åringane trenar sjeldnare enn ein gong i veka. Snittet i fylket ligg på 25 prosent, det same som resten av landet.
  • 12 prosent av dei unge seier at dei kjenner seg einsame. Talet for fylket ligg på 21 prosent, og for landet 22 prosent.

NB: Nokre av resultata er henta frå Ungdata-undersøkinga tilbake i 2019. 

- Målet må vere 100 prosent

- I Ulstein er det mange som jobbar saman og på tvers med same mål. Det er tett samarbeid mellom kommunen, frivillige lag og organisasjonar og politiet for å legge til rette for trygge møteplassar og gode oppvekstvilkår. Personleg trur eg også MOT-arbeidet har stor effekt med omsyn til å motverke mobbing og til å styrke sjølvbildet til ungdommane våre. MOT bidreg også til ei bevisstgjering på korleis du som enkeltperson kan bidra til å gjere kvardagen betre for andre. Difor er det på sin plass å gi ungdommane sjølv største æra for dei gode resultata. Vi har mykje flott ungdom i Ulstein! Og så er det viktig at arbeidet held fram. Målet må alltid vere at alle som veks opp og som bur i Ulstein skal ha det godt, seier Engh.

Ulstein skårar også høgt på andre område, og ligg over landssnittet på 20 av 34 indikatorar.

Fullstendig oversikt finn du her. (PDF, 2 MB)

Folkehelseprofilen er eit bidrag til kommunen i arbeidet med å få oversikt over helsetilstanden blant innbyggjarane, og faktorar som påverkar denne.