Måtte stenge fontena

Måtte stenge fontena

– Fontena er eit fint «landemerke» i bybildet, men det må ikkje halde fram slik.

Fontena i sentrum er fylt med skum. Odd Kåre Wiik  

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Det seier avdelingsleiar for drift og anlegg, Odd Kåre Wiik, etter at fontena i sentrum nok ein gong er fylt med middel som lagar store mengder skum.

Det er ein stor jobb å reingjere pumper og tank kvar gong dette skjer. 

– Det er også eit moment at skummet tek mykje av merksemda til enkelte køyrande. Heldigvis er det låg fart i ei rundkøyring. Vi synest sjølvsagt at dette er leitt, og det kan ikkje halde fram slik. 

Kommunen vil drøfte tiltak som kanskje kan hjelpe på situasjonen.

– Vi gir ikkje opp heilt enda, forsikrar Wiik.