Matkasse til påske

Matkasse til påske

Treng du litt ekstra påskemat, eller veit du om nokon som treng litt ekstra? Meld frå innan tysdag 28. mars.

Hare med nasen nedi ei skål med påskeegg - Klikk for stort bileteIllustrasjon. pixabay.com
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

– Vi vil også i år gi ut matkasse til påske, fortel Inger Anne Dimmen ved Ulstein frivilligsentral.

Matkassene vert delt ut torsdag 30. mars. 

Påmelding på SMS til 98 23 06 13 innan tysdag 28. mars.

– Send med namn og adresse, og gjerne om det er barn i hushaldninga slik at vi kan legge i litt påskegodt.