Lister til kommunestyrevalet

Lister til kommunestyrevalet

Svein Arne Orvik Åtte parti stiller liste til kommunestyrevalet i Ulstein i 2019. 
 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

153 innbyggarar står på listene. 41,8 % av kandidatane er kvinner, 58.2 % er menn.

 

Listene valstyret har godkjent

  • Arbeidarpartiet

  • Framstegspartiet

  • Høgre

  • Kristeleg Folkeparti

  • Partiet De Kristne

  • Senterpartiet

  • SV - Sosialistisk Venstreparti

  • Venstre 
 
 

Vallova § 6-8 gir høve til å klage på valstyrets vedtak om å godkjenne eller forkaste ei valliste. Klagefristen er sju dagar etter offentleggjeringa av listene. I år vart listene offentleggjorde 27. mai. Klagefristen er dermed 3. juni 2019. 

Ein eventuell klage sender du til Ulstein valstyre. Bruk e-postadressa postmottak@ulstein.kommune.no eller postadressa postboks 143, 6067 Ulsteinvik.