Lag og organisasjonar kan no søke momskompensasjon

Lag og organisasjonar kan no søke momskompensasjon

Illustrasjon av frivillig arbeid - Klikk for stort bilete Lotteri- og stiftingstilsynet Fristen er 1. september, og søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Frivillige lag og organisasjonar kan no søke om momskompensasjon frå Lotteri- og stiftingstilsynet, som skal fordele 1,685 milliardar kroner i momskompensasjon.

Søknadsfristen er 1. september. Merk at fleire lag og organisasjonar må sende søknad via sentralleddet, som ofte har ein tidlegare frist. Hugs at alle som søker må vere registrerte i Frivilligregisteret. 

Søknadsskjema og meir om ordninga finn du her.