Kven fortener frivilligprisen 2022?

Kven fortener frivilligprisen 2022?

Inger Anne Dimmen frå Ulstein frivilligsentral. Janne-Marit Myklebust

Har du forslag til kandidat til frivilligprisen frå Møre og Romsdal fylkeskommune? Ulstein kan nominere éin kandidat, og vi ønsker mange forslag!

Frivilligprisen 2022 i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune, er ein pris som vert delt ut berre éin gong, i frivilligåret 2022.

Alle kommunar i fylket er invitert til å kome med forslag til ein person som har utmerka seg med frivillig arbeid i lokalsamfunnet sitt over lengre tid. 

Frivilligpris 2022 skal heidre stor frivillig innsats, og vinnaren får 30 000 kroner og eit kunstverk av ein lokal kunstnar.

Alle nominerte vert invitert til frivilligfest i Molde 4. desember, der prisen vert delt ut.

Frist for å kome med forslag er 30. oktober. 

Kven meiner du fortener prisen? Send inn forslaget ditt, med ei lita grunngjeving, til Inger Anne Dimmen i Ulstein frivilligsentral.

E-post: inger.anne.dimmen@ulstein.kommune.no

Kontakt

Inger Anne Dimmen
dagleg leiar
E-post
Telefon 98 23 06 13
Mobil 98 23 06 13