Kurs for pårørande

Kurs for pårørande

Pixabay «Ta Tak» er eit kurs for deg som står nær nokon med rusmiddel- eller psykiske helseproblem. Nytt kurs startar 2. mars.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Skrive av Wenche Moltu, Herøy kommune

Kurset er gratis, er for alle pårørande på Søre Sunnmøre, og går over seks kveldar med éin kurskveld i veka.

Bakgrunn for kurset

Rus og psykiske vanskar rammar heile familien. Som pårørande får du ofte fleire roller som kan føre til belastning og fare for helseskadar. Det kan vere vanskeleg å sjå eigne behov når ein av våre nære slit. Det er difor viktig at pårørande får hjelp til å ta vare på seg sjølv og hjelp til å sette grense for kor mykje dette skal påverke kvardagen. Rus og psykiske vanskar kan virke inn på andre arenaer som arbeidssituasjon, vennekrins, nabolag, m.m.

Målet med kurset

Målet med kurset er:

  • Pårørande skal i større grad få forståing av eigen situasjon og oppleving av å meistre kvardagen.
  • Pårørande skal få informasjon om behandling, lokale hjelpetiltak, sjølvhjelp, pårørande- og brukarorganisasjonar.
  • Pårørande får møte og lære av andre i same situasjon.
  • Vise veg til sjølvhjelpsgrupper og andre tilbod til dei som ønskjer det.

Tema for kurskveldane

Kurset vert halde på Kjeldsund ungdomssenter. Det vert ein kurskveld i veka og dette er på onsdagar.

Programmet er:

  • Meistring og verdigheit (2. mars)
  • Tvang og rettigheiter (9. mars)
  • Behandling (16. mars)
  • Pårørandeorganisasjonar (30. mars)
  • Søsken og andre barn i familien (6. april)
  • Familievernperspektivet (20. april)

Korleis melde seg på

Arrangør er  seksjon psykisk helse og rus i kommunane Herøy og Sande. Påmelding må skje innan 15. februar.

Ring Nina Larsen på 92661913 eller Karl Alsaker på 91561383 for påmelding.