Koronaviruset: Ulstein i nasjonal 17. mai-komite

Koronaviruset: Ulstein i nasjonal 17. mai-komite

Slik såg det ut i Ulsteinvik 17. mai 2019. No skal det planleggast korleis dagen skal feirast i år. Svein Arne Orvik Korleis skal vi feire 17. mai i koronasituasjonen? Det skal no avgjerast lokalt og nasjonalt. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Ulstein er ein av 16 kommunar som er med i ein nasjonal 17. mai-komite for feiringa i 2020. Det er kulturminister Abid Raja som har sett saman komiteen. Vanylven og Ålesund er også med. 

– Meir dempa, men minneverdig

– Koronasituasjonen vil gjere feiringa i år meir dempa, men også i 2020 skal vi feire Grunnlova, folkestyret, fred og fridom på ein minneverdig måte, seier kulturministeren i ei pressemelding. 

27. april skal kommunane i den nasjonale komiteen dele forslag og planar for feiringa med resten av landet. 

I Ulstein inviterer kommunen komande veke til eit møte med 17. mai-komiteane og korpsa i Ulstein. 

Korps med god avstand

Regjeringa har laga nokre førebelse retningslinjer for 17. mai. Dette er noko av innhaldet:  

  • Dei nasjonale smittevernråda gjer at barnetoga slik vi kjenner dei ikkje kan gjennomførast i år. Det same gjeld større feiringar på grendehus og skular.

  • Lokale musikkorps kan spele og marsjere om det ikkje følgjer menneske bak eller står mange tilskodarar langs vegen. Musikantane må halde to meters avstand.

  • Flaggheising og kransenedlegging kan gjennomførast med ei mindre mengd tilskodarar. 

4. mai kjem den endelege rettleiinga for 17. mai frå regjeringa.