Kloring av drikkevatn frå Mosvatn (Gamleeidet reinseanlegg)

Kloring av drikkevatn frå Mosvatn (Gamleeidet reinseanlegg)

Membranriggen på Gamleeidet. Odd Kåre Wiik  I samband med utskifting av membran (filter) i maskin på vassreinseanlegg Gamleeidet i neste veke, må vi klore vatnet. Denne kloringa startar før helga.

Membranfiltrering fell vekk i anleggsperioden på om lag tre dagar. Vi har UV desinfeksjon av vatnet, men må i  tillegg klore for å oppnå tilstrekkeleg barriere (dobbel) som er eit krav i drikkevassforskriftene og frå Mattilsyn. Kloring vert gjort med automatisk doseringsanlegg. Vi doserer med god margin til grenseverdiar, og abonnentar skal ikkje kunne merke noko smak/lukt. Kloringsanlegg er godkjent som eigen barriere. Så fort jobben er gjort, vert membrananlegget sett i drift att og kloring kopla i frå.