Inviterte russen på frukost

Inviterte russen på frukost

Kommunane Hareid og Ulstein hadde tysdag ein uformell frukost med 18 komande russar frå russestyret på Ulstein vidaregåande skule.

Samla rundt bordet. - Klikk for stort bileteSamla til frukost. Ulstein kommune

 

 Ordførarane Bernt Brandal frå Hareid og Stian Skorgen Scheide frå Ulstein tok del, saman med førebyggande kontakt i politiet, SLT-koordinator og ungdomsarbeidar.

– Vi hadde lyst til å møtes for å prate litt om forventningar til russetida frå kommunane sine sider, men viktigast av alt: russestyret og årets avgangskull sine forventningar til tida dei er på full fart inn i, seier Scheide.

Nokre av temaa var sosiale møtestader, inkludering og ønsket om ei trygg russefeiring.

Samla i amfiet på biblioteket. - Klikk for stort bileteDialog mellom russen, politiet og kommunane. Ulstein kommune


– Det er første gang vi arrangerer dette, og målet er å sikre oss ein uformell møteplass for å verte betre kjende og tenke litt høgt saman. I tida framover vil vi ha nokre møte med russestyret og få på plass ein forventningskontrakt mellom politiråd og russestyret, seier Ulstein-ordføraren.

– For russen er dette deira første og einaste russefeiring, men for alle andre er det ein vanleg mai-månad. Vi skal få til å vise forståing og respekt begge vegar, seier politiet.