Her finn du generell informasjon om brøyting og strøing.
Her er oversikt over brøyterodene i Ulstein (kommunekart).
Endringar i 2024/2025
Det er behov for å kunne gjere prioriteringar i samband med snøbrøyting når det verkeleg lavar ned.
Den allmenne nytta må vere viktigast, dvs. at samlevegar, vegar med ein del trafikk og fortau/gangvegar må ha prioritet. Ein veg som er tilknytt t.d. berre to til fire bustadhus, må ein kunne nedprioritere slik at hovudvegar og samlevegar held ein best mogleg standard.
Vedtak i teknisk utval 14.11.2024, jf. sak PS 98/24
Teknisk utval ser at det kan vere fornuftig å gjere ei prioritering av standard og frekvens på brøyting avhengig av trafikkmengde og vegstatus. Samlevegar, tilkomstvegar med ein viss trafikk og fortau/gangvegar skal ha prioritet framfor tilkomstvegar til nokre få bustadhus.
Administrasjonen har fullmakt til å gjere prioriteringar for den kommunale snøbrøytinga ved behov etter følgjande rangering:
- samlevegar, fortau og gangvegar
- tilkomstvegar med ein del trafikk
- tilkomstvegar og fellesavkøyrsler med lav trafikkbelastning
- parkeringsplassar
Vegar som vert nedprioritert
Teknisk utval hadde dette kartutkastet til vegar ein ser som fornuftig å nedprioritere (lilla farge);
skjermdump
Enkelte roder har større behov for prioritering enn andre, jf. at dei er litt ulike i omfang