Influensa- og koronavaksinering i oktober

Influensa- og koronavaksinering i oktober

Ulstein helsestasjon samkøyrer influensa- og koronavaksinane i haust. Dersom du ønsker begge vaksinane, kan du få dei samtidig. Frå veke 44 kan også barn få vaksine. Les meir om målgrupper og tidspunkt i artikkelen. 

pixabay
  • Datoar for influensavaksine: 26. oktober,  27. oktober og 10. november
  • Bestilling via www.c19.no/influensa 
    (du kan også bestille på vegner av andre/ikkje-digitale)
  • Treng du hjelp? Send melding til 47 75 47 74

I haust tilbyr vi både koronavaksine og influensavaksine.

For å bestille time til influensavaksine går du inn på www.c19.no/influensa.

Når det gjeld koronavaksine, vil alle over 65 år få ei tekstmelding (SMS) med innkalling der dei sjølve kan bestille seg time. Dei som er yngre enn 65 år må ta kontakt med helsestasjonen.

Utfyllande informasjon om begge vaksinane under:

 

Koronavaksine

Det er ein forventa auke i koronasmitte blant innbyggarane, og smitten vil truleg halde fram med å auke i løpet av hausten og vinteren. På bakgrunn av dette har Folkehelseinstituttet (FHI) vurdert eit behov for ytterlegare koronavaksinering i visse målgrupper. Det vil i løpet av hausten kome ei ny og oppdatert vaksine som er spissa mot dei nye endringane i koronaviruset (Comirnaty Omicron XBB.1.5). Det er denne vaksinen vi tilbyr i Ulstein kommune.  

Ulstein kommune vil nytte innkallingssystemet C19. Alle i aldersgruppa 65 år og eldre vil få SMS med innkalling, der dei sjølve kan bestille seg time. Merk at innbyggarar i andre målgrupper yngre enn 65 år må sjølve ta kontakt med helsestasjonen for å få tildelt time.

Koronavaksinen er gratis.

Målgrupper 

Etter retningslinjer frå FHI vil det hausten 2023 vere anbefalt å ta ny oppfriskingsdose med koronavaksine for følgande målgrupper:

  • Aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
  • Aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe (FHI - vaksineanbefalingar)
  • Aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom ((FHI - vaksineanbefalingar)
  • Aldersgruppa 6 mnd -11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering
  • Gravide

 

Influensavaksine

Her kan du lese meir om kven FHI rår til å ta den årlege influensavaksinen.  

Time til influensavaksinering vert mogleg å bestille via C19

Merk at dersom du får to ulike tidspunkt for korona- og influensvaksine, kan du møte til éi av tidene og få sett begge samtidig.

Influensavaksinen kostar 200 kr.

Barn kan ta kontakt med fastlegen for influensavaksinering frå og med veke 44.

 

Vaksine som reduserer risikoen for lungebetennelse

Alle over 65 år og enkelte risikogrupper er også tilrådd vaksine mot pneumokokkar. Dette er ein vaksine som reduserer risikoen for lungebetennelse. Det er tilstrekkeleg å ta denne vaksinen kvart 6. år. For å få denne vaksinen må du ta kontakt med fastlegen for å få resept.