I haust kan du sykle til jobben

I haust kan du sykle til jobben

Ikkje at det ikkje har vore mogleg før, men no køyrer Sykle til jobben i gang ein eigen haustkampanje – med og utan sykkel!

Sissel, Cecilie og Kjersti på plenen utanfor rådhuset, med rosa jakker, sykkel og hjelm. - Klikk for stort bileteI vår var dei klare for Sykle til jobben. I haust er dei minst like klare. Frå venstre: Sissel Helen Hasund frå PPT, planleggar Cecilie Roppen og fysioterapeut Kjersti Vengen Jensen. Janne-Marit Myklebust

Haustkampanjen har sitt første år i år, og varer i fire veker og tre dagar, altså heile oktober månad.

Tema for kampanjen er glede, samhald og haust.

I vårkampanjen var det 98 deltakarar frå Ulstein som til saman la bak seg 11 461 kilometer. Det klarer vi vel å slå?

Du kan melde deg på her. Du må vere innbyggar – eller tilsett i Ulstein kommune for å delta.

Ver aktiv og vinn premiar

Du kan sykle, gå, ta deg ein topptur, trene styrke, trene aleine eller med ein kollega eller ven. Alt er lov, berre du er i aktivitet. Her handlar det om fellesskap, opplevingar og berekraft. La bilen stå ein dag du skal på jobb, ta sykkelen på butikken, eller ta deg ein spasertur med ei venninne.

Som ei ekstra god gulrot, så er det sjølvsagt mogleg å vinne seg premiar frå Merida, Silva, Polar, Hoka, og signerte landslagsdrakter frå herrelandslaget i fotball.

Klar-ferdig-gå, hopp, ta sykkelen fatt, slå hjul, dans eller stup kråke!