Heimevernet med bursdagsmarkering

Heimevernet med bursdagsmarkering

Såg du mange i uniform, 6. desember? Alle dei grønkledde var del av ein nasjonal kampanje.

I samband med Heimevernet sin  “Uniform på jobben-dagen”, som vert arrangert kvar 6. desember, tok Hans-Ole Låbakk turen innom Ulstein rådhus for å helse på. Låbakk er områdesjef for kommunane Ulstein, Hareid, Ørsta, Volda, Herøy og Sande.

Låbakk og Scheide utanfor Ulstein rådhus, ved julegrana. - Klikk for stort bileteOmrådesjef Hans-Ole Låbakk og ordførar Stian Skorgen Scheide. Janne-Marit Myklebust

Heimevernet sine soldatar er representert i mange yrkesgrupper, og 6. desember er alle oppmoda om å ta på seg uniform på jobb for å vise breidda dei representerer i samfunnet.

– Relevansen til Heimevernet er dagstaktuell, dessverre, med dagen sikkerheitspolitiske situasjon. Det er difor også viktig for oss å synleggjere oss, og vise at vi er her, og at vi er ein viktig del av den lokale beredskapen, seier Låbakk. 

Overalt, alltid

Vervet som områdesjef er ei 10 prosents stilling.

– Og meir eller mindre ein livsstil, legg han til med eit smil.

– Som områdesjef er eg først og fremst ein militær leiar, men også knutepunktet mellom sivilsamfunnet og forsvaret. Som områdesjef for seks kommunar har eg også kontakt med tre beredskapsråd og tre politistasjonar, fortel han.

Uniform på jobben-dagen er ei feiring av “bursdagen” til Heimevernet, som i 2023 fyller 77 år.

Heimevernet er ein del av forsvaret i Noreg, og er ein nasjonal beredskaps- og innsatsstyrke med 40 500 soldatar fordelt på 11 HV-distrikt.

Dei har mottoet “Overalt – alltid”.