Har du motteke eFaktura utan at du har bestilt det?

Har du motteke eFaktura utan at du har bestilt det?

cottonbro/Pexels Her finn du svar på kvifor det skjer og korleis du eventuelt kan avslutte ein slik avtale.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

 

Kvifor vert det automatisk oppretta eFaktura-avtaler?

eFaktura er ei løysing styrt av Nets som leverer tenester til bankane. I slutten av 2018 innførte dei ei teneste som let kundane velje å automatisk opprette eFaktura-avtale med alle dei betaler rekningar/fakturaer til. Dette har ført til at ein del kundar har fått eFaktura-avtale utan å eigentlig ynske dette.

 

Korleis kan du avslutte ein avtale? 

For å avslutte din eFaktura-avtale må du logge inn i din nettbank og fjerne avtalen. Dersom du ikkje ynsker å få eFaktura-avtaler automatisk oppretta i framtida, må du også fjerne valet om automatisk oppretting. Banken din vil kunne hjelpe deg med dette. 

Du kan også lese meir om dette på https://www.efaktura.no/privat på de spørsmåla som gjeld "eFaktura Ja takk til alle" 

Bruker du VIPPS, får du sannsynlegvis alle dine rekningar/fakturaer som eFaktura frå dei ulike leverandørene. For å slå av dette må du gjøre føljande: 

  1. Logg inn i vipps
  2. Klikk Profil
  3. Klikk Betalingsval
  4. Klikk eFaktura i nettbank og appar
  5. Velj bort Alltid Vipps eFaktura

I tillegg må du avslutte eFaktura-avtalen i nettbanken din. 

 

Varsel til e-postadressa i nettbanken

Det er også slik at varsel om eFaktura skal sendast på til den e-postadressa som er registrert i nettbanken. Dette er noko du eventuelt kan ta opp med banken din.

Dersom ein person betalar rekning/faktura for ein annan i sin nettbank, og har «ja takk til alle» aktivert i sin nettbank, vil denne personen få alle rekningane/fakturaane til denne personen som eFaktura i sin nettbank. Har personane Vipps i tillegg kjem dei også direkte dit.