Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar

Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar

Ulstein kommune tilbyr no gratis klima- og energirådgiving til innbyggarane.

Kvinne opnar døra for ein energirådgivar. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

 

Dette omfattar:

Energianalyse av bustaden din på nett.

Søk opp bustaden din på energiportalen.no

Digital synfaring med energirådgivar. 

Registrer deg for rådgivingstime

 

Gratis og uforpliktande klima- og energirådgiving

Ulstein kommune gjennomfører ein klima- og energirådgivingskampanje retta mot hushaldningar. Målet er å motivere bustadeigarar til å redusere energibruken i eigen bustad og ta klimavennlege val. Dette vert gjort gjennom bruk av energiportalen.no (på nett) og tilbod om digital synfaring med ein objektiv energirådgivar. Du kan mellom anna få råd om:

  • Elbillading
  • Etterisolering av veggar og tak
  • Skifte av vindauge og dører
  • Installering av varmepumpe eller solceller
  • Smart styring
  • Alternative energikjelder
  • Støtteordningar frå Enova

 

Energianalyse på nett

Verktøyet Energiportalen gjer det mogleg med objektiv nettbasert energianalyse av bustaden din. Gå til energiportalen.no og søk opp bustaden din. Du får rettleiing til korleis han skal brukast.

 

Synfaring med energirådgivar

Du kan avtale ei synfaring med ein energirådgivar, som kan hjelpe deg med smarte klima- og energiløysingar tilpassa bustaden og økonomien din. Dette er eit avgrensa tilbod.

Gå til kalenderen for å finne ledige tider

Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og er levert i samarbeid med kommunane i fylket. Tenestene og rådgivinga er levert av Simenergi AS og EEFFY AS.