Gode hjelparar på Reiten

Gode hjelparar på Reiten

Elsa Kleppe - ei av mange frivillige sanitetskvinner som bidreg ved vaksineringa på Reiten. Janne-Marit Myklebust Kvar veke stiller frivillige sanitetskvinner opp for å hjelpe til med vaksineringa ved Ulstein helsestasjon.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

- Dei bidreg til at ting går som smurt, seier Kari Brandal ved Ulstein helsestasjon.

Det ligg mykje planlegging og logistikk bak vaksineringa som går føre seg i salen på Reiten. Når fleire hundre personar skal innom i løpet av få timar for å få vaksine, seier det seg sjølv at det fort kan verte kø. 

- Med sanitetskvinnene på plass går det som smurt. Dei har vore til kjempestor hjelp, og vi set stor pris på innsatsen, helsar Brandal.

Elsa Kleppe er ei av dei frivillige. Førre onsdag var ho på plass på Reiten for å sjå til at køen gjekk radig unna og at det ikkje hopa seg opp med folk.

- Vi er mange som har stilt opp, og vi var ikkje særleg tungbedne heller, fortel ho.

- Her møter vi berre blide folk. Helsestasjonen har vore flinke og har organisert vaksineringa svært godt, seier Kleppe.

Ho fortel at det er Solveig Kristensen som har organisert sanitetskvinnene. Dei jobbar i team på to personar, og er minst fire innom i løpet av ein vaksinasjonsdag.

Kari Brandal seier at vaksineringa kjem på toppen av dei andre oppgåvene dei har på helsestasjonen.

- Så det at vi får hjelp utanfrå bidreg også til at vi frigjer personell til den daglege drifta av helsestasjonen. Vi er svært takksame!