Fersk leiar for fersk 20-åring

Fersk leiar for fersk 20-åring

– Ja! Det er ein kjekk jobb, kjem det kontant frå Paul Arne Ulstein, på spørsmål om han trivst i sin nye jobb som dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap KF og Ulstein Fjernvarme AS.

Paul Arne Ulstein står på kaia med vatn og Ulsteinvik sentrum i bakgrunnen. - Klikk for stort biletePaul Arne Ulstein tok til i jobben som dagleg leiar for UEKF og UFAS, i januar 2023. Janne-Marit Myklebust
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Jobben er berre ein månad gammal, medan UFAS og UEKF fyller høvesvis 12 og 20 år i år.

Han fortel at han framleis er i ein kartleggingsfase for å lære meir om korleis organisasjonen er bygd opp.

– Eg veit det på papiret, men det er noko anna å oppleve det og lære organisasjonen å kjenne gjennom alle dei som jobbar her.

20-åringen UEKF har i dag 48 tilsette fordelt på avdelingane bustad og utleige, eigedomsforvaltning, og reinhald.

– Eg er oppteken av at dei tilsette skal ha det godt på jobb, og tenker at viss eg viser dei tillit, får eg tillit tilbake.

Her kan du lese vedtektene til UEKF frå då selskapet vart stifta. (PDF, 2 MB)

Ein gjeng tilsette står med hendene i veret for å markere feiring av 20-årsjubilanten Ulstein Eigedomsselskap KF. - Klikk for stort bileteEi lita 20-årsmarkering for UEKF på Ulstein brannstasjon. UEKF

Årets agenda

Det er mykje som rører seg i UEKF. No for tida er det prosjektet om nye omsorgsbustader som tek mykje tid, dei skal gjennomføre fleire leikeplasskontrollar, og dei skal utarbeide ein vedlikehaldsstrategi for vedlikehald av alle eigedomane til kommunen. Per 2023 forvaltar Ulstein Eigedomsselskap om lag 80 000 kvadratmeter med eigedomsmasse. Det er forvaltning, drift og vedlikehald som er hovudoppgåvene til UEKF.

– Det er jo litt å halde styr på!

 I tillegg har UEKF ansvaret for å skaffe bustader til flyktningane som kjem til Ulstein. Det har vore eit stort arbeid siste året.

– Vi skal busette 135 i år, mot 125 i fjor. Det er eit stort lagarbeid som må til. Men eg veit at vi klarer det.

– Og så er eg særs nøgd med at eigedomsselskapet er eit eige kommunalt føretak. Det er ein ryddig måte å drive eigedomsforvaltning på, og gir meir oversikt og kontroll over bygningsmassen.

Ulsteinvik barneskule frå fugleperspektiv.  - Klikk for stort bileteUlsteinvik barneskule er eit av dei siste prosjekta UEKF har fått vel i hamn siste året. UEKF/Aage Christensen

Potensial

Paul Arne Ulstein har allereie gjort seg opp nokre tankar om korleis han ønsker å ruste selskapa for framtida.

– Eg har ingen plan om å snu skuta med ein gong, men eg ser at det er potensial her til å kanskje gjere nokre endringar. Men eg har ikkje tenkt å revolusjonere dette altså. Aage har lagt eit godt grunnlag og laga ei god plattform for meg vidare, seier Paul Arne, om førre leiar, Aage Christensen.

– Her skal vere rom for å endre oss og utvikle oss. Vi skal gjere ting som fungerer, men vi må også kunne sjå om der er andre måtar å gjere jobben på. Vi må sjå framover, og så må folk få lov til å eksperimentere litt, legge fram gode idear og få lov til å teste dei ut.

Sjølv likar han godt å ha det overordna blikket.

– Ørneblikket! Eg likar å sjå heilskapen og ikkje måtte gå i detaljar. Eg har jobba med detaljar nesten heile livet som elektrikar, men no har eg flinke folk rundt meg som eg veit tek seg av dette. Det beste med å jobbe med andre menneske er å sjå at dei utviklar seg.

Erfaring

Paul Arne har brei erfaring før han enda opp i UEKF og UFAS. Han har jobba snart 30 år i Hareid, i ulike stillingar, før han til slutt enda opp i Ulstein.

Han har erfaring frå mellom anna Hareid Elektriske, Sebastian AS, HG elektro, El-tilsynet og Hareid kommune.

– Det er fint å kunne spasere til jobb. Eg har pendla i alle tider, så det er ei ny og fin oppleving. –Det er godt å jobbe i eigen kommune. Det har eg ikkje gjort før, seier ulsteinaren nøgd.