Feittvett i jula

Feittvett i jula

Ikkje tøm feitt frå ribbe og pinnekjøtt i avløpet.

Det er ikkje eitt feitt med ribbefeitt i vask og toalett, så om du skal lære noko nytt i dag, bør du lese dagens julebodskap frå driftsavdelinga i kommunen. 

Nokon held ein sugekopp som kan opne tett avløp/vask - Klikk for stort bilete Canva

 

Leiar for anleggs- og driftavdelinga i Ulstein kommune, Jørgen Hageselle, oppmodar nemleg alle om å kjøle ned ribbefeittet/-krafta til det stivnar, for så å kaste det i matavfallet. Eventuelt kan du helle feittet over i ein kartong eller ei flaske, teipe igjen og kaste det i restavfallet.

Ribbefeitt er noko skikkeleg svineri å helle i vasken og toalettet, og for å unngå ubehagelege overraskingar med avløpet ditt bør du vise feittvett og gjere slik som Hageselle oppmodar om. 

På SSR sine nettsider finn du også god informasjon om alt du treng å vite om jula.