– Eg håper eg kan vere til inspirasjon for andre kvinner i distrikta

– Eg håper eg kan vere til inspirasjon for andre kvinner i distrikta

Heidi Strand, Anett Skorpen Tarberg og Marit Botnen står staman. - Klikk for stort bileteMed sine tidlegare sjefar: einingsleiar Heidi Strand, Anett Skorpen Tarberg og kommunalsjef Marit Botnen. privat

Tidlegare kreftsjukepleiar i Ulstein, Anett Skorpen Tarberg, tok nyleg doktorgrad innan medisin og helsevitskap. – Vi er stolte og stumme av beundring, rosar kommunalsjef helse og omsorg, Marit Botnen.

Ei anna som er stolt, er Anett sjølv.

– Eg håper dette inspirerer andre. Du må ikkje bu i ein storby  for å kunne ta doktorgrad, seier ho, og legg til at ho håper dette er noko særleg unge kvinner vil ta til seg.

Anett er frå Moltustranda og jobbar no som universitetslektor ved NTNU i Ålesund. På vegen mot doktorgrada har ho jobba fleire år i kommunal sektor. Mellom anna 20 år i heimesjukepleia i Herøy og nesten tolv år som kreftsjukepleiar i Ulstein, heilt fram til juli 2021.

Glad gjeng av tidlegare kollegaer frå Ulstein. Frå venstre: Heidi Strand, Mette Britt Møller, Anett Skorpen Tarberg, Britta Brandal, Mona Zahl (Herøy), Marit Sørnes, Marit Botnen, Norunn Dimmen og Mette Kløvjan. Privat

– Vi kan vel ikkje seie at vi er veldig overraska over at det er nettopp Anett som har tatt doktorgrad, seier Marit Botnen.

– Anett har alltid vist eit brennande engasjement for faget, og særleg avansert klinisk sjukepleie og for dei kritisk kreftsjuke. Som kreftsjukepleiar tok ho initiativ til og søkte midlar til fleire prosjekt der ho også var prosjektleiar. Slik bidrog ho til kompetanseutvikling. Takka vere hennar initiativ har vi i Ulstein vorte framoverlente og opptekne av innovasjon og nytenking, er dei gode orda frå kommunalsjefen, som var med då Anett disputerte.

Botnen takka for all inspirasjon og kompetanse ho har tilført kommunane i sjustjerna og sjukehusa.

Disputasen

Disputasen vart halden fredag 28. april 2023, ved Fakultet for medisin og helsevitskap ved NTNU Ålesund. Namnet på avhandlinga er «Pasientmedverknad, familieinvolvering og omsorg i palliative kreftforløp: Helsepersonell og pårørande sine erfaringar».

Føremålet med studien var å utvikle kunnskap om etterlatne og helsepersonell sine erfaringar med medverknad, involvering og omsorg hos pasientar og pårørande i dei ulike fasane av palliative kreftforløp.

– Ballasten frå kommunane har vore god å ha med seg, seier Anett.

Du kan lese meir om disputasen på Helse Møre og Romsdal sine nettsider.