Brann i ventilator ved Haddal skule

Torsdag føremiddag byrja det å brenne i ein ventilator på skulekjøkkenet ved Haddal skule. Skulen vart evakuert.

Det byrja å brenne i ein ventilator på skulekjøkkenet ved Haddal skule, torsdag. Haddal skule    

Det var både elevar og tilsette  til stades i rommet då brannen starta. Elles var det fleire elevar som var vekke frå skulen grunna symjeundervisning. 

Tilsette klarte å sløkke brannen ved hjelp av brannteppe og pulverapparat, men det var ein god del røyk i lokalet. Dei som har vorte utsette for røyk har vorte sjekka av ambulansepersonell.

Resten av skuledagen går som normalt, men det vil ta tid før skulekjøkkenet kan tas i bruk att.

Fleire opplevde sjølvsagt hendinga som skremmande.

– No handlar det i første omgang om å trygge elevane og dei føresette og få prata om det som har skjedd, seier rektor Vibeke Vigestad Berge.

Føresette har fått melding frå rektor, og skulen oppmodar om at det er låg terskel for å ta kontakt dersom dei har spørsmål eller ønsker å snakke om det som har skjedd.

Skulen får elles ros frå brannvesenet for å ha handtert situasjonen særs godt. Dei kom mannsterke til staden, med brannmannskap frå Ulstein og Herøy.

Kontakt

Vibeke Vigestad Berge
rektor
E-post
Telefon 70 01 77 21
Mobil 951 45 217