Blant dei beste næringskommunane i landet

Blant dei beste næringskommunane i landet

Oversiktsbilde over Osnes og Ulsteinvik - Klikk for stort bilete Per Eide Ulstein kjem på ein fin 15. plass i Kommune-NM, der NHO rangerer kommunane i landet etter attraktivitet og lokal vekstkraft.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

– Det er godt å sjå at Ulstein, trass utfordringar i næringslivet, held seg i toppen av næringslivskåringa til NHO. Ulstein er og skal vere ein attraktiv kommune å drive næring i, og vi gjer det vi kan for å legge til rette for eksisterande og nye næringsdrivande. Vi har framleis forbetringspotensial, særleg knytt til større breidde i næringslivet og kommuneøkonomi, men det er ting vi jobbar aktivt med, seier ordførar Knut Erik Engh.

Les meir om Kommune-NM