Bjørnis-besøk og opning av ny brannstasjon

Bjørnis-besøk og opning av ny brannstasjon

Ein svært populær kar har kome på overraskande besøk! Til helga kan du møte Bjørnis når brannstasjonane i Hareid og i Ulstein inviterer til open dag. Brannbamsen Bjørnis har kome på overraskande besøk til Ulstein og Hareid brannvesen, og gler seg til å vere med på open dag på brannstasjonane, laurdag 24. september. Janne-Marit Myklebust  

Laurdag 24. september inviterer Hareid og Ulstein brannvesen til open stasjon både i Hareid og Ulstein, frå klokka 10.00-14.00.

Bjørnis besøker Hareid mellom klokka 12.00-13.00. Elles vil han i hovudsak halde hus på Ulstein brannstasjon.

Ivan Brandal og Harald Øvereng gler seg stort over ny brannstasjon i Ulstein. I helga kan alle som vil få kome og sjå - i Holsekerdalen 26. Janne-Marit Myklebust

Open brannstasjon vert arrangert i veke 38 som ein del av den nasjonale Brannvernveka i regi av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og forsikringsselskapet If.

Bjørnis kjem til å besøke fleire barnehagar i Hareid og Ulstein denne veka, før han toppar opphaldet med open brannstasjon.

NB! Fredag 23. september klokka 14.00 vert det offisiell opning av den nye brannstasjonen i Ulstein. Her vert det både snorklipping og talar. Sjølve opninga er for alle interesserte, men arrangementet etterpå er for spesielt inviterte. 

 

Brannbamsen Bjørnis gler seg til å helse på små og store i Ulstein og Hareid dei neste dagane. Janne-Marit Myklebust