Bjørndalvegen stengt for gjennomkøyring

Bjørndalvegen stengt for gjennomkøyring

Bjørndalsvegen.Det skal leggast nye vassleidningar i del av Bjørndalvegen. Arbeidet startar i neste veke, og vil vare i fleire månader. I denne perioden vert gata stengt for gjennomkøyring.

Sperringa vert ved anleggsmaskina, og flyttast i takt med framdrift.  Arbeidet tek til ved Brattørakrysset og går mot vest. Det vert tilkomst for køyrande inn i gata frå begge sider fram til sperringa. Tilkomst og varelevering må såleis tilpassast etter som sperring flyttar.  

Gata er open for gåande på fortau.

Dette arbeidet er ein av siste etappane i den store jobben som er gjort med utskifting av gammal hovudvassleidning (jarnrør) frå Garnesvatnet, via  Garholhaugen og til sentrum Ulsteinvik. På nyåret vert det også lagt ny leidning i del av Kyrkjegata. For å fullføre prosjektet vert det ved eit seinare høve lagt nye rør frå sentrum til vasskummen i Bugarden.

Entreprenøren kjem til å ha dialog med oppsitjarane og vil orientere om framdrift. Når gravearbeidet kjem fram til kryssing for gåande frå busshaldeplassen vil det verte etablert ei trygg kryssing med sperring/ledegjerde. 

Anleggsarbeidet vert for det meste utført innanfor ordinær arbeidstid mellom kl. 07.30 – 16.00.