Vinnarane vart annonsert under Ulstein kommune sin årlege personalfest på Sjøborg, fredag 2. februar.
Hans Olav Lee står bak årets nyskaping i 2023, og Anita Sundnes er årets nyskapar 2023.
Janne-Marit Myklebust
Årets nyskapar: Anita Sundnes, leiar for plan- og bygningsavdelinga
Grunngiving: Anita har i fleire tiår vore ein sterk pådrivar og ideskapar innanfor kart og digitalisering. Dette arbeidet har kome heile regionen til gode. Anita har sett forbi kommunegrenser og delt raust av kompetansen sin. Ho er ikkje redd for å prøve nye ting, og ho ser moglegheiter der andre ikkje ser noko. Hennar engasjement og kunnskap har vore vesentleg for dei gode resultata kommunen har hatt innanfor kart, plan og generell samfunnsutvikling.
Årets nyskapar får diplom og blomster, deltaking på ein valfri konferanse med nyskaping som tema, og 2 000 kroner.
Årets nyskaping: Pokemonjakt og rollespel
– sosial trening og samhald på tvers av klassetrinn, Ulsteinvik barneskule SFO
Grunngiving: Å vere elev på SFO ved Ulsteinvik barneskule har vore ekstra spennande denne hausten. Hans Olav Lee har tatt noko kjent, men pakka det inn i ei ny form som gjer at det vert opplevd som noko heilt nytt. Det har vore kjekt og nyttig både for elevar, men også for skule- og SFO-tilsette. Å leike saman er utroleg viktig for sosial trening og samhald. Dette er med på å skape trygge og gode skulemiljø som påverkar både trivsel og motivasjon hos elevane. Elevane har vore i fokus og dei har fått lov til å vere med og utvikle konseptet vidare. Flott!
Årets nyskaping får diplom, blomster og 10 000 kroner. Vinnaren får også med seg "vandrepokalen", ein stein med gulltoppar på, ein ny kvart år, for kvar ny vinnar.
Under personalfesten vart også vinnarane av arbeidsmiljøprisen 2023 kåra.
Mange nominasjonar
Til saman kom det inn åtte nominasjonar til nyskaparprisen og fire til nyskapingsprisen. Det er tilsette i Ulstein kommune som kan nominere, og formannskapet som innovasjonsutval som kårar ein vinnar.
Topp tre til nyskaparprisen var (i tilfeldig rekkefølge)
- Vedrana Terzic og Marie Flatin – for innsatsen for ungdom i Ulstein
- Hildegunn Utgård – for satsinga på velferdsteknologi i helse og omsorg
- Anita Sundnes
Dei fire som var nominert til nyskapingsprisen var
- Ulstein frivilligsentral UNG
- Pokemonjakt og rollespel
- Gardsskule, Haddal skule
- “Bli kjent”, tverretatleg samarbeid mellom oppvekst, kultur, helse og omsorg
Fjorårets vinnarar var Ole Terje Sukka og Øyvind Grimstad Hagen (årets nyskaparar) og aktivitetsgrupper i teneste for psykisk helse og rus (årets nyskaping).
Dei nominerte samla på scena.
Janne-Marit Myklebust