Vinnarane vart annonsert under Ulstein kommune sin årlege personalfest på Sjøborg, fredag 2. februar.
Einingsleiar Gunn Helen Hauge Muren tok imot prisen til natt-teamet – som er vinnarane av årets arbeidsmiljøpris i Ulstein kommune.
Janne-Marit Myklebust
– Dette er ein super gjeng som har eit svært godt samarbeid mellom dei ulike avdelingane. Alle stiller på jobb med godt humør, og vi stiller opp for kvarandre. Kollegaene er supre samtalepartnarar, og vi kjem opp med løysingar saman dersom vi kjem ut for utfordringar på arbeid. Dette gjer teamet til ein trygg og god arbeidsplass, står det skrive i nominasjonsteksta.
– Ved å støtte og hjelpe kvarandre i dei ulike situasjonane, minskar vi faren for uhell og skade både blant pasientar og personalet. Desse gode kvalitetane blant kollegaene mine, gjer at det å kompe på jobb er noko vi ser fram til, og som gir glede i arbeidskvardagen.
Delar av natteamet i Ulstein.Prisen er diplom, blomster, 10 000 kroner og velfortent heider og ære.
Under personalfesten vart også vinnarane av Årets nyskapar og Årets nyskaping 2023 kåra.
Arbeidsmiljøutvalet si grunngiving:
Vi legg vekt på at dei er på jobb når alle andre har fri. At dei har faktorar i arbeidstida som kan vere uheldige og risikofremmande. Dei er ein gjeng tilsette som ikkje er særleg synlege. Dei har også utfordringar knytt til sjukefråvær som gir meir belastning blant dei tilsette.
Mange nominerte
Der var fleire gode nominasjonar til arbeidsmiljøprisen 2023:
- Trond Berg (rektor ved Ulstein ungdomsskule)
- Hans Olav Lee (Ulsteinvik barneskule)
- Ung Arena Ulstein
- Turid Johanne Rindal (Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter)
- Inkludering og mangfald
- Natt-teamet i helse og omsorg
- Kristin Meli (leiande helsesjukepleiar)
- Personalet ved Haddal skule
- Sundgotmarka barnehage