Her er prisvinnarane!

Her er prisvinnarane!

Vi gratulerer Årets nyskapar, Årets nyskaping og vinnarane av Arbeidsmijløprisen 2022 i Ulstein kommune.

Åtte representantar frå dei nominerte står på scena med diplom og blomster. Varaordføraren heilt til høgre. - Klikk for stort bileteRepresentantar frå dei toppnominerte til å vinne Årets nyskaping. Frå venstre: Camilla Hatlebakk og Nora Wingsternes frå Sundgotmarka barnehage (for nye rutinar for samtykke når det gjeld bildebruk av barn), Lene Gamlemshaug og Vibeke Vigestad Berge frå Haddal skule (for nytt skulebibliotek), Karen Strand frå Ulsteinvik barneskule (for satsingane Maskorama og Alle mot rektor), og Margaret Bjerkvik, Astri-Louise Nevstad og Gina Nesset Havåg frå aktivitetsgrupper i teneste for psykisk helse og rus. Varaordførar Stian Skorgen Scheide heilt til høgre. Janne-Marit Myklebust
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Fredag 3. februar var om lag 325 tilsette i Ulstein kommune samla til personalfest på Sjøborg kulturhus. 

Eit festdekka lokale på Sjøborg kulturhus sett ovanfrå. - Klikk for stort bileteRekordpåmelding og god stemning når 325 tilsette i Ulstein var samla til personalfest, 3. februar. Janne-Marit Myklebust

Prisutdeling

Varaordførar Stian Skorgen Scheide og Hanne Notøy frå Ulstein formannskap stod for prisutdelingane. Det er formannskapet som vurderer dei nominerte til prisane, og som kårer vinnarane.

Portrett av Hanne Notøy og Stian Skorgen Scheide som står saman. - Klikk for stort bileteHanne Notøy og Stian Skorgen Scheide frå formannskapet, delte ut prisane for Årets nyskapar og Årets nyskaping. Janne-Marit Myklebust

Årets nyskaping

Årets nyskaping får diplom, blomster og 10 000 kroner. Dei får også med seg "vandrepokalen", ein stein med gulltoppar på, ein ny kvart år, for kvar ny vinnar.

– Å bygge eit inkluderande samfunn er eit av grunnprinsippa til Ulstein kommune. Å ha gode møteplassar er éin måte å lykkast med dette. Vinnarane har oppretta fleire ulike aktivitetsgrupper for menneske som har ulike utfordringar innan rus og psykiatri. På desse møteplassane får nokre av dei mest sårbare personane våre ein arena å møte andre på og verte inkludert. Dette er positivt både for det sosiale og for den psykiske og fysiske helsa. Vinnarane har skapt noko som både er nyttig og berekraftig for brukarar og for lokalsamfunnet vårt. Gratulerer til aktivitetsgrupper i teneste for psykisk helse og rus!

Prisvinnarane på scena.  - Klikk for stort bileteÅrets nyskaping går til teneste for psykisk helse og rus, for satsinga med aktivitetsgrupper. Frå venstre: Margaret Bjerkvik, Astri-Louise Nevstad og Gina Nesset Havåg. Janne-Marit Myklebust Stein med gulltoppar på. - Klikk for stort bilete"Vandrepokalen " til nyskapingsprisen. Janne-Marit Myklebust

Årets nyskapar

Prisutdelarane Hanne Notøy og Stian Skorgen Scheide snakkar med Årets nyskaparar på telefon på scena. - Klikk for stort bileteÅrets nyskaparar var på hyttetur, og kunne difor ikkje vere til stades og ta imot prisen. Men ein telefonsamtale på scena vart eit godt alternativ. Janne-Marit Myklebust

Øyvind Grimstad Hagen og Ole Terje Sukka, Ulsteinvik barneskule, for satsinga Maskorama og Alle mot rektor.

Prisvinnnarane hadde ikkje høve til å delta på personalfesten, men tok seg tid til ein telefonsamtale på scena, der dei fekk formidla det glade bodskap:

– De er årets nyskaparar i Ulstein kommune, helsa Hanne Notøy, til stor jubel frå salen.

– De har gjennom mange år utmerkt dykk kreativt og positivt både blant lærarar, elevar og føresette. De har på eige initiativ funne fram til ulike konsept og idear, og er gode til å bruke verktøya de har tilgjengeleg for å gjennomføre. Maskorama og Alle mot rektor er berre det siste årets gode idear. De inspirerer dei rundt dykk til å tenke nytt, og er gode rollemodellar for både kollegaer og tilsette. Gratulrerer!

Dei to vil få utmerkinga si på jobb, måndag. Dei får diplom og blomster, i tillegg til deltaking på ein valfri konferanse med nyskaping som tema, og 2 000 kroner.

 

Arbeidsmiljøprisen

Arbeidet til teneste for psykisk helse og rus har vorte lagt merke til. Dei er nemleg også vinnarane av Arbeidsmiljøprisen 2022. Prisen er diplom, blomster, 10 000 kroner og velfortent heider og ære. Gratulerer!

Prisvinnarane samla på scena med blomster og diplom og hendene i veret. - Klikk for stort bileteGlade vinnarar av Arbeidsmiljøprisen 2022. Janne-Marit Myklebust

Dei nominerte var: IMU, Ulsteinvik barneskule, Øyvind Grimstad Hagen, Natteamet,  Teneste for psykisk helse og rus, Leif Ringstad, Tverrfagleg innsats i samband med busetting, Ulstein bibliotek.