Andre dose til dei mellom 12-15 år

Andre dose til dei mellom 12-15 år

pixabay Vaksinasjonsprogrammet C19 sender i desse dagar ut SMS til dei mellom 12-15 år som har tatt éin dose med koronavaksine, med tilbod om å ta andre dose.

Meldinga vert sendt til det mobilnummeret som ligg registrert hos den enkelte, og vil i all hovudsak gå ut til foreldre/føresette. Mange ligg ikkje inne med mobilnummer, og vil dermed ikkje få tilsendt SMS. 

Foreldre/føresette kan gå inn på www.c19.no og bestille time til andre dose til sitt barn. Det er nødvendig med samtykke frå begge føresette.
Dette kan gjerast digitalt her:  https://c19.no/samtykke 

Helsestasjonen får ein del telefonar som gjeld dette, då meldinga som vert sendt ut frå C19 ikkje presierer kven det gjeld.
Lenke: Les meir om vaksinasjon av dei mellom 12-15 år her