Tilskotsportalen

Tilskotsportalen

Ulstein kommune har tilgang til Tilskotsportalen.

Kva er tilskotsportalen?

Treng fotball-laget til ungane nye drakter? Kven gir støtte til utbetring av friluftsområde? Kva støtteordningar finst innan kultur? Tilskotsportalen har svara!

Tilskotsportalen er eit verktøy for deg som vil jobbe meir effektivt og lykkast betre i å søke tilskot til prosjekta dine. Her finn du oversikt over alle tilskotsordinngar som vert tilbydd til norske organisasjonar, og du kan søke etter støtteordningar og tilskot i mange ulike kategoriar.

Tilskotsportalen oppdaterer informasjonen om tilskota automatisk (via ein informasjonsrobot) og innholdet vert kontrollert manuelt. Du kjem difor i forkant av søknadsarbeidet og kan få fleire idear til finansiering.

Ulstein kommune er med!

Kommunar som inngår avtale med Tilskotsportalen gir gratis tilgang til alle lokale lag og foreiningar i same kommune. I portalen får du god arbeidsstøtte med søkefunksjon, katalog, kalender og lagring av favoritt-tilskot.

Du får varsel om søknadsfristar for favoritt-tilskota dine, og det er mogleg å dele og diskutere idear med andre.

Tilskotsportalen har også gratis opplæringsvideoar for deg som har lite eller inga erfaring frå før med å søke tilskot.