Det skjer i Ulstein – informasjon til arrangørar

Det skjer i Ulstein – informasjon til arrangørar

Kultur- og aktivitetskalenderen «Det skjer i Ulstein» samlar Facebook-arrangement frå ulike lokale arrangørar. Grip sjansen til å gjere arrangement ditt kjent! 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

  
«Det skjer i Ulstein» er administrert av oss i kommunen. 

Her er «Det skjer i Ulstein» på Facebook

 

 

Slik legg du inn eit arrangement i «Det skjer i Ulstein»

Du må ha eit arrangement oppretta av ei Facebook-side.

Trykk på «rediger» inne på arrangementet og gå ned til feltet «medarrangør». Her skriv du inn «Det skjer i Ulstein». Hugs å lagre. (Viss du ikkje får til endre på telefon-appen, prøv i nettlesaren på ei datamaskin.) 

Vi vil så få eit varsel og vil gå gjennom arrangementet for godkjenning.

Når arrangementet er akseptert av oss, vil det dukke opp i kalenderen til «Det skjer i Ulstein».

Det er gjerne slik konsertstader eller kulturhus gjer med arrangement – både artisten og kulturhuset står som arrangør i Facebook-hendinga.

Merk: Du gir sida «Det skjer i Ulstein» full tilgang til å endre/redigere arrangementet ditt. Den retten vil vi sjølvsagt ikkje nytte oss av. «Det skjer i Ulstein» vil berre vere skuggearrangør slik at arrangementet kjem opp i vår kalender. Vi kjem heller ikkje til å svare på spørsmål om arrangementet dykkar.

 

Retningslinjer for «Det skjer i Ulstein»

Hendinga må i hovudsak skje innafor grensene til Ulstein kommune. Arrangement som er sæskild retta mot innbyggarane i Ulstein, men som skjer i tilstøytande kommunar, kan også bli promoterte.

Hendinga må vere offentleg. 

Dersom du har faste samlingar som skjer oftare enn ein gong i månaden, kan du kun kople det førstkomande arrangementet til kalenderen. Dette er naudsynt for at dei større, enkeltståande arrangementa ikkje skal hamne i skuggen.*

Det er lov å promotere hendingar der publikum må kjøpe billett / betale inngangspengar. 

Reine kommersielle hendingar – til dømes sal i ein butikk – vil ikkje bli aksepterte. 

Vi vil ikkje inkludere arrangement som krev medlemsskap eller på andre måtar er ekskluderande – til dømes treningstider, foreldremøter eller dugnadar i velforeiningar. 

Vi har ikkje høve til å hjelpe brukarar med å lage Facebook-side og -arrangement. 

Vi vil fjerne arrangement frå sida som ikkje er i tråd med retningslinjene. 

Vi vil kunne endre desse retningslinjene viss vi meiner det er naudsynt. 

 

* Det er dessverre ikkje mogleg å nytte funksjonen der du kan legge inn fleire tidspunkt i Facebookhendinga. Viss du ønsker arrangementet ditt inn i Det skjer i Ulstein, må du opprette eit enkeltarrangement for kvar samling.