Folkehelse

Folkehelse

Vi jobbar langsiktig og heilskapeleg for å fremje god helse og livskvalitet for innbyggarane. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

 

Folkehelseperspektivet er godt innarbeidd i kommuneplanen sin samfunnsdel (PDF, 11 MB) og i levekårsplanen (PDF, 243 kB).


Korleis skape god folkehelse?

Grunnlaget for helsa vår vert lagt i dei daglege rutinane i heim, barnehage, skule, arbeid og fritid. I tillegg kjem strukturane i lokalmiljøet, med til dømes gang- og sykkelvegar, gode møteplassar, samferdsel, helseteneste, idrettsanlegg, kulturaktivitetar, tilgang til friområde og friluftsliv. Det er derfor viktig at folkehelseperspektivet vert ivareteke i alle sektorar.

Klikk her for å lese kva Helsedirektoratet seier om folkehelse.



Korleis er folkehelsa i Ulstein?

Det er Folkehelseinstituttet som utarbeider ein folkehelseprofil med oversikt over helsetilstanden for befolkninga i kommunen. Her kan du hente folkehelseprofilen for Ulstein kommune.

Folkehelseprofilen for Ulstein 2022 (PDF, 2 MB)

Folkehelseprofilen for Ulstein 2023 (PDF, 2 MB)

Folkehelseoversikta blir revidert om lag kvart fjerde år. Her er folkehelseoversikta for kommunen. (PDF, 8 MB)

 


Ut på tur?

Her finn du kart over friluftslivsområde og dei grusa turvegane i kommuna, og her finn du oversikt over StikkUT-turar.

 

Har du starta opp nye aktivitetar eller prosjekt vi bør vite om?

Meld det inn her!