Kommunal bustad

Kommunal gjennomgangsbustad

Kommunal gjennomgangsbustad er i utgangspunktet eit mellombels tilbod om å leige bustad som Ulstein kommune eig. Målsetting er at den einskilde leigetakar kjem seg over i den private bustadmarknaden i løpet av leigeperioden. Husleigekontrakt for kommunale bustader opphøyrer difor som hovudregel etter ei ordinær leigetid på tre år. Bustadene er eit av fleire tilbod vi har for å hjelpe deg som har problem med å skaffe deg bustad sjølv.

  

Vi har fleire typer bustader lokalisert på ulike stader i kommunen. Det er Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF) som administerer utleiga av kommunale bustader. 

Kven kan få tilbod om kommunal gjennomgangsbustad?

Tilbodet er for deg som er utan bustad, og for deg som ikkje er i stand til å skaffe deg bustad sjølv eller med hjelp frå andre. Det må vere økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold som gjer at du får tilbod om bustad gjennom kommunen.

Tildeling av kommunal gjennomgangsbustad vert gjort etter Lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet.

Gjeldande retningslinjer for tildeling av kommunal bustad. (HTM, 3 kB)

Kva kostar det?

Husleiga varierer utifrå storleik og standard. Personar som bur i kommunal bustad kan på visse vilkår søke om bustøtte.
 

Korleis søke?

Du må søke digitalt på eige søknadsskjema for kommunal gjennomgangsbustad.

Klikk her for å kome til søknadsskjemaet.

Søknadsskjemaet i PFD. (PDF, 147 kB)

Korleis avslutte leigeforholdet?

Klikk her for å seie opp leigeforholdet.

 

Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande handsama av eit tiltaksteam som har møte ein gong i månaden. Du får skriftleg melding om vedtak.
 

Klage på vedtak?

Fristen for å klage på vedtak er tre veker.

Send klage med grunngjeving og eventuelle nye opplysningar og dokumentasjon til Ulstein kommune ved kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Husleigelova

Husleigelova regulerer plikter og rettar i forholdet mellom leigar og utleigar av bustader.

Her kan du lese kva det er nyttig å vite om husleigelova.



 

Kontakt

Norunn Margrethe Dimmen
Leiar Koordinerande eining
E-post
Mobil 98 23 06 37