bustønad

Bustøtte

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning. I Ulstein kommune er det servicetorget på rådhuset som koordinerer søknadar og som kan hjelpe deg med søknad. Det er Husbanken som gjer vedtak om bustøtte.

Kven kan få bustøtte?

Personar med låg inntekt og høge bukostnadar kan få støtte.

 

Husbanken

Husbanken har mykje nytting informasjon om bustøtte.
 

Korleis søkjer du?

Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir.  

Klikk her for å søke elektronisk

Papirsøknader skal du sende til Postmottak, Ulstein kommune, postboks 143, 6067 Ulsteinvik

Du kan få hjelp til å fylle ut søknaden ved servicetorget på rådhuset (ope kl. 9–15).

Dette må du legge ved søknaden:

  • husleigekontrakt, dersom du leiger bustad privat
  • nedbetalingsplan på bustadlån, dersom du eig bustad
  • dokumentasjon på eigedomsskatt per år, dersom du bur i sjølveigd bustad (einebustad)

Informasjon om inntekta di blir henta inn automatisk gjennom søknadsprosessen. 

 

Søknadsfrist

Søknadsfristen er den 25. kvar månad.

 

Når kan du vente svar?

Du får svar på søknaden din innan den 20. neste månad. Utbetalinga av bustøtte er den 20. kvar månad.

 

Kva skjer vidare?

Får du innvilga bustøtte, vert søknaden din automatisk overført til neste månad, dersom det ikkje har skjedd endringar.
Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad.

 

Meld ifrå om endringar 

Har inntekta di gått opp eller ned? Skal du flytte? Har nokon flytta inn eller ut av husstanden din? Du har plikt til å melde frå dersom det skjer endringar som kan ha betydning for utrekning av bustøtte/bostøtte. 

Les meir om korleis du melder ifrå om endringar.

 

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtaket, er klagefristen tre veker. Slik klagar du på eit bustøttevedtak.

 

Kontaktperson

Siri Øvrelid Strand
rådgivar
Ulstein Eigedomsselskap, bustad og utleige
E-post: siri.ovrelid.strand@ulstein.kommune.no 
Telefon: 48 01 74 60

Kristin Haddal Ruby
fagkoordinator og konsulent flyktningtenesta
E-post: kristin.ruby@ulstein.kommune.no
Telefon: 91 76 70 97