Spesialundervisning for vaksne Kven kan få spesialundervisning? Opplæringslova gir rett til spesialundervisning for vaksne som ikkje klarer å nyttiggjere seg det vanlege grunnskuletilbodet for vaksne. Sjå Utdanningsdirektoratet sine sider om spesialundervisning for vaksne. Vaksne som har behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter kan også ha rett til spesialundervisning. Denne opplæringa er lagt til Ulstein kompetansesenter, som er ein del av eininga Inkludering og mangfald i Ulstein. Kompetansesenteret gir tilbod til vaksne med: medfødd eller erverva funksjonsnedsetjing synshemming høyrselshemming språk- eller talevanskar, afasi spesifikke lærevanskar Før skulen gir tilbod om spesialundervisning skal PPT utarbeide sakkunnig vurdering. Kva fag blir det gitt spesialundervisning i? Grunnleggande ferdigheiter i grunnskulefag og i grunnleggande ferdigheiter som: kommunikasjon lesing/skriving rekning digitale ferdigheiter/bruk av IKT ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon) opplæring i bruk av diverse hjelpemiddel synspedagogisk opplæring: - punktskrift - mobilitet - synstrening høyrselspedagogisk opplæring: - opplæring i teikn som støtte for tale - lyttelæring etter CI ADL (dagleglivets aktivitetar) sansestimulering - Snoezelenavdeling (PDF, 99 kB) Korleis søker du? Du søker til Ulstein kompetansesenter på dette skjemaet. Ta gjerne kontakt for meir informasjon. Publisert 03.10.2018 09:48 Sist endra 02.01.2024 10:08